page view image

Fjellsportfestivalen 2023

EVENT INFORMATION
event image

No kara – FJEDLE KADLA! Det er på tide å pakka sekken og komma seg på festival. 

Den 22 - 26. februar 2023 brakar det laus i Sogn. Fjellsportfestivalen invitera heile ski- og festivalnoreg, lokale og tilreisande, unge og eldre til Fjellsportfestivalen 2023. Vi kan freiste med eit fullspekka program, der vi byr på ei god blanding av nye programpostar og gamle klassikarar. 


Som kry eigar av festivalpass til Fjellsportfestivalen 2023 får du:


  • Delta på alle føredrag, konsertar og anna sprell på hotellet - På kveldstid skjer det mykje spanande på hotellet. Har du festivalpass kjem du inn på alle føredrag, aktivitetar på hotellet og konsertar og afterski under heile festivalen.
    • Eppel Bar vil vere 20 års aldersgrense etter kl 22:00

 

  • Deltaking på konkurransar - Med festivalpass kan du melde deg på alle konkurransar i regi av festivalen utan ekstra kostnad.

 

  • Bussreise til og frå arena Rindabotn (skitrekket) kvar dag – Kvar festivaldag går det med jamne mellomrom buss t/r frå Quality hotell Sogndal/Sogndal skysstasjon til arena Rindabotn. Bussen er sjølvsagt gratis for alle festivaldeltakarar.


  • Bussreise med Laussnøekspressen i Sogndalsdalen kvar dag - Køyrer du ski i Hodlekveskogen, endar du opp i ei av fleire busslommer langs riksvegen. Heldigvis kjem Laussnøekspressen køyrande forbi med jamne mellomrom. Har du festivalpass sit du på gratis opp att til arena Rindabotn. Laussnøekspressen går så lenge skitrekket er ope, og føret tillèt laussnøkøyring. Vi minner om trygg ferdsel både på veg ned skogen, og ikkje minst medan ein ventar på å bli plukka opp av Laussnøekspressen, ikkje beveg deg i vegbana, halde dykk oppå snøkantane. Hald deg oppdatert med laussnøappen kvar laussnøekspressen er.

 

  • Aktivitetar i arena Rindabotn - I arena Rindabotn vert det liv og røre kvar einaste dag under heile festivalen. Fleire leverandørar tek turen, og du får moglegheita til å prøvekøyre det aller nyaste utstyret på marknaden - til og med det som ennå ikkje er for sal! I tillegg blir det mykje anna moro for alle, både unge og gamle, erfarne og mindre erfarne i arena Rindabotn. Vi nemner leikar, uhøgtidelege konkurransar, musikk, mat, skitesting og mykje meir. Vi lovar eit yrande liv og mykje kjekt å delta eller sjå på i arena Rindabotn under Festivalen. 


  • Rabatt på dagskort i Sogndal Skisenter - Hodlekve (Rindabotn) - Vis fram stolt fram festivalpasset når du kjøper heiskort, og du får 20% i rabatt!



Informasjon om kveldspass: 

Kveldspass vil ikkje bli lagt ut for sal før kl. 12.00 same dag, og berre i tilfelle det er ledige billettar og kapasitet. I fjor vart vi utselde for festivalpass før vi kunne selge kveldspass. Kveldspass kosta kr. 795,- pr. kveld, fredag og laurdag. Kveldspass fredag og laurdag inkludera afterski i Dalalåven, og buss t/r afterski.


Informasjon om betalt aktivitet:

Aktivitetar som ikkje er inkluder i festivalpasse, får ein kjøpt i tillegg, ved å legge dei til i handlekurv samtidig når du kjøpe festivalpass.

Meir informasjon kjem!!


Under 18 år? 

Vi gjer for ordens skuld merksam på at kveldsarrangement etter kl. 22.00 på Quality Hotell Sogndal har 18-års aldersgrense, dette gjeld òg afterski i Dalaloven. Gyldig legitimasjon er påkravd og vil bli etterspurt når ein kjem på hotellet. Kjøpte billetter vert ikkje refundert.


fjellsportfestivalen sogndal denbestesnøen fjedlekadla festival ski topptur skredkurs fsf22 laussnø

Restrictions

Me gjer merksam på at kveldsarrangement etter kl 22.00 på Quality Hotell Sogndal har 18års aldersgrense, dette gjeld òg afterski i Dalaloven. Legitimasjon må framvisast ved ankomst i sekreteriatet. Kjøpte billetter vert ikkje refundert.

Waiver

Alle deltakarar av Fjellsportfestivalen har lese eigenerklæringa på vår heimeside www.fjellsportfestivalen.no/tryggleik/, og er kjend med våre tryggleikstiltak og godkjenner den risikoen arrangementa kan omfatte.