JENTEJIBB for jenter 10 - 16 år

Arrangementsinformasjon

Har du lyst til å vera med nokre av Sogndal sine kulaste jenter på ski i Hodlekve?


Carina, Hannah og Margit vil gjerne ta med deg mellom 10 og 16 år i parken i Rindabotn. Her kan du læra nokre tips og triks som du kan bruke til å imponere dei andre rundt deg i bakken.

Jentejibb vil vara frå kl. 11.00 til 13.00, onsdag 24.02.2021.
Oppmøte ved den nederste railen i parken i Rindabotn.

Arrangementet er gratis, og det er ikkje naudsynt med festivalpass til dette arrangementet.

Ínkluderar ikkje heiskort.

Det er kun 15 plassar ledig.

Det er påbudt med hjelm og vi oppfordrar til bruk av ryggplate/skinne.



Restriksjoner

Det er påbudt med hjelm og vi oppfordrar til bruk av ryggplate/skinne. Alle må følgje og respektere nasjonale og lokale smittevernsføringar og andre føringar som blir gitt av dei som er ansvarlege for arrangementet.

Ansvarsfraskrivelse

Eg stadfestar med dette at eg er klar over at deltaking i arrangement/konkurranse på Fjellsportfestivalen er forbunde med risiko, og at eg tek på meg ansvaret for min eigen tryggleik under arrangement/konkurranse på Fjellsportfestivalen 2021 i Sogndal.

Som deltakar står eg sjølv ansvarleg for å gjere mine eigne tryggleiksvurderingar av alle
tilhøve i konkurransen. Dette gjeld både før, under og etter sjølve konkurransen.

Dersom eg skulle bli utsett for ei ulykke under arrangementet, vil verken eg eller nokon andre på mine vegne, halde arrangørane og andre som deltek i organiseringa ansvarleg økonomisk, strafferettsleg eller på annan måte.

Eg er klar over at det blir tatt bilete og video under Fjellsportfestivalen, og eg gjev løyve til at Fjellsportfestivalen kan nytta dette i produksjonar som vert vist under festivalen, i marknadsføring av festivalen, på sosiale medier og på www.fjellsportfestivalen.no, også i etterkant av arrangementet.