Rabbagast Open 2021 med SGN skis | Fjellsportfestivalen

Arrangementsinformasjon

RABBAGAST OPEN 2021

Rakkar Open har vore ein suksess i mange år, men no er det på tide å inkludere dei minste og! Dette blir ein uhøgtidleg skikonkurranse der skiskøyarar opp til 16 år kan vise fram sine råaste knep i Rindabotn! 

Det er 20 tilgjengelege plassar - førstemann (eller dame) til mølle


Rennstart kl 11:00


Restriksjoner

Det er påbudt med hjelm. Alle må følgje og respektere nasjonale og lokale smittevernsføringar og andre føringar som blir gitt av dei som er ansvarlege for arrangementet. Aldersgrense opp til 16 år.

Ansvarsfraskrivelse

Eg stadfestar med dette at eg er klar over at deltaking i arrangement/konkurranse på Fjellsportfestivalen er forbunde med risiko, og at eg tek på meg ansvaret for min eigen tryggleik under arrangement/konkurranse på Fjellsportfestivalen 2021 i Sogndal.

Som deltakar står eg sjølv ansvarleg for å gjere mine eigne tryggleiksvurderingar av alle
tilhøve i konkurransen. Dette gjeld både før, under og etter sjølve konkurransen.

Dersom eg skulle bli utsett for ei ulykke under arrangementet, vil verken eg eller nokon andre på mine vegne, halde arrangørane og andre som deltek i organiseringa ansvarleg økonomisk, strafferettsleg eller på annan måte.

Eg er klar over at det blir tatt bilete og video under Fjellsportfestivalen, og eg gjev løyve til at Fjellsportfestivalen kan nytta dette i produksjonar som vert vist under festivalen, i marknadsføring av festivalen, på sosiale medier og på www.fjellsportfestivalen.no, også i etterkant av arrangementet.