Rakkar Open 2021 med SGN skis | Fjellsportfestivalen

Arrangementsinformasjon

RAKKAR OPEN 2021

Vi er klar for eit av sesongens høgdepunkt - Rakkar Open i Sogndal Skisenter. Til tross for ein alternativ Fjellsportfestival i år, er vi like klare for ville triks og luftige svev som alltid! Sjølv om dette blir ein konkurranse for dei lokale er vi ikkje redde for nivået! Det er skyhøgt nivå i Sogndal om dagen og vi gledar oss til spektakulær køyring!

Arena blir Rindabotn, og det blir i år plass til 20 deltakarar - førstemann (eller dame) til mølla. Nedre aldersgrense er fra og med 17 år.


Rennstart kl 1300


Restriksjoner

Det er påbudt med hjelm. Alle må følgje og respektere nasjonale og lokale smittevernsføringar og andre føringar som blir gitt av dei som er ansvarlege for arrangementet. Nedre aldersgrense 17 år.

Ansvarsfraskrivelse

Eg stadfestar med dette at eg er klar over at deltaking i arrangement/konkurranse på Fjellsportfestivalen er forbunde med risiko, og at eg tek på meg ansvaret for min eigen tryggleik under arrangement/konkurranse på Fjellsportfestivalen 2021 i Sogndal.

Som deltakar står eg sjølv ansvarleg for å gjere mine eigne tryggleiksvurderingar av alle
tilhøve i konkurransen. Dette gjeld både før, under og etter sjølve konkurransen.

Dersom eg skulle bli utsett for ei ulykke under arrangementet, vil verken eg eller nokon andre på mine vegne, halde arrangørane og andre som deltek i organiseringa ansvarleg økonomisk, strafferettsleg eller på annan måte.

Eg er klar over at det blir tatt bilete og video under Fjellsportfestivalen, og eg gjev løyve til at Fjellsportfestivalen kan nytta dette i produksjonar som vert vist under festivalen, i marknadsføring av festivalen, på sosiale medier og på www.fjellsportfestivalen.no, også i etterkant av arrangementet.