Rindarando 2021

Arrangementsinformasjon

RindaRando

Studentorganisasjonen Lurkarlaget arrangerer randoneekonkurranse i Rindabotn - RindaRando! 

Fellesstart kl. 11.00

Opent for 30 deltakrar totalt - ein herreklasse og ein dameklasse. 

Restriksjoner

Det er påbudt med hjelm. Alle må følgje og respektere nasjonale og lokale smittevernsføringar og andre føringar som blir gitt av dei som er ansvarlege for arrangementet.

Ansvarsfraskrivelse

Eg stadfestar med dette at eg er klar over at deltaking i arrangement/konkurranse på Fjellsportfestivalen er forbunde med risiko, og at eg tek på meg ansvaret for min eigen tryggleik under arrangement/konkurranse på Fjellsportfestivalen 2021 i Sogndal.

Som deltakar står eg sjølv ansvarleg for å gjere mine eigne tryggleiksvurderingar av alle
tilhøve i konkurransen. Dette gjeld både før, under og etter sjølve konkurransen.

Dersom eg skulle bli utsett for ei ulykke under arrangementet, vil verken eg eller nokon andre på mine vegne, halde arrangørane og andre som deltek i organiseringa ansvarleg økonomisk, strafferettsleg eller på annan måte.

Eg er klar over at det blir tatt bilete og video under Fjellsportfestivalen, og eg gjev løyve til at Fjellsportfestivalen kan nytta dette i produksjonar som vert vist under festivalen, i marknadsføring av festivalen, på sosiale medier og på www.fjellsportfestivalen.no, også i etterkant av arrangementet.